This job is closed
We regret to inform you that the job you were interested in has been closed. Although this specific position is no longer available, we encourage you to continue exploring other opportunities on our job board.
Setesdølen er ei lokalavis for Setesdal og Åseral sine 7000 innbyggjarar. Vi er eit digitalt mediehus med papiravis to dagar i veka. Opplaget er på 3.800. Setesdølen er eigd av Polaris Media Sør AS. Vil du bli journalist i eit av Noregs mest varierte og særmerkte bygdesamfunn? Vi sett saman ein heilt ny redaksjon som skal følgje Setesdals utvikling tett. Vi held til i nedre Setesdal, og planlegg også tilsetting av ei satelittstilling på Hovden/Valle. Setesdal er eit variert og spennande dekningsområde med mykje natur, kultur, og mange festivalar og mykje friluftsliv. Frå fjellvidder på Hovden med hyttebygging og eit pulserande reiseliv, til badestrender langs Byglandsfjorden, og yrande bygdebyliv i regionsenteret på Evje, er det eit breitt spekter av samfunnslivet me dekkar. For oss er det utruleg spennande å følgje utviklinga i Setesdal tett og vere først ute med nyheiter som også vekker regional og av og til nasjonal merksemd. Samtidig er det også svært viktig for oss å stille dei kritiske spørsmåla i eit bygdesamfunn der utviklinga går i eit rivande tempo. Vi ønsker nå å sette saman eit nytt, offensivt og framovelent lag, og søkjer difor etter ein journalistar/frontredigerar i 100 % fast stilling. Frontredigeringsjobben delast på av fleire i redaksjonen og går difor stort sett på rundgang.